Kyrkjebygget er som vanleg orientert i himmelretningane med altaret mot aust. Krossformen var mykje brukt på 1700-talet, og var høveleg då byggematerialet var tømmer. Byggmeistar var "Svend kirkebygger" Trådset. Han bygde og Bagn kyrkje. Aurdal kyrkje vart vigsla 22. februar 1737 av prost Abelstedt. Sogneprest Peder Joachim Christophersøn Landt hadde vore pådrivar og byggjeleiar. Han er balsamert og ligg gravlagd under kyrkjegolvt ilag med eitt av borna sine.

Interiøret i kyrkja har gått gjennom ein del endringar i løpet av sine 270 år, men framstår likevel med hovudtrekka frå tida då ho var ny.

Stilen på altartavla er kalla "blomsterbarokk" og går att i ei rekkje altartavler frå sama periode. Det næraste førebiletet er truleg altartavla i Fluberg kyrkje, men her i Aurdal har ein brukt eit gamalt krusifiks frå stavkyrkja som sentrumsmotiv. Kanskje er det frå altartavla som vart laga til stavkyrkja i 1694. Til høgre for krusifikset står Moses med lovtavlene. Ein omsetjingsfeil førde til at Moses fekk horn i staden for strålekransen. Til venstre står øvstepresten Aron. I midten, på kvar side av krusifikset, står Johannes og Maria. Vengjene på altartavla meiner ein kan vera frå altartavla i stavkyrkja. På altaret står i dag 4 lysestakar i messing, gjeve til stavkyrkja i 1647 av sokenprest Peder Colling.

Preikestolen trur ein er delar av ein eldre preikestol, kanskje den óg frå stavkyrkja. Preikestol-himlinga vart attfunnen under restaureringa i 1937.

Bilete teke kring 1860. Syner den gamle innganen i koret

Den nedste delen av døypefonten er frå døypefonten i stavkyrkja. Det er vanskeleg å gisse på aldaren, men nokre meiner den kan vera frå 1100-talet. Stavkyrkja vart bygd ein gong tidleg på 1200-talet, så då lyt det ha stått ei kyrkje i Aurdal før stavkyrkja. Kva tid den vart bygd eller kor den stod vei me ingen ting om. I gamal tid var døypefonten stor og vid, noko som var sjølvskrive då barnet skulle dukkast heilt under tre gonger. Det var eit hol i døypefonten som gjorde at det vigde vatnet skullle rette ut i vigd jord. Vatnet vart vigsla påskenatta og vart ståande i fonten heile året. Sjølve kummen, der ein hadde vatnet, er øydelagt og borte, men ein ny og litt mindre vart gjeve til kykrkja på slutten av 1800-talet.

Det eldste døypefatet, med fire hjarte i botn, er frå 1600-talet og er laga av kopar. Det nyaste døypefatet har innskrift frå Matt. 28,19 og kom til kyrkja på slutten av 1800-talet.

12. desember 1792 fekk kyrkja det fyrste orgelet, og orgelgalleriet vart bygd. Målinga vart utførd i 1795 av kunstnaren Ole Hermundson Berge. Orgelet, som vart gjeve av svigerdotter til prost Landt, fekkk tene i kyrkja heilt fram til nytt orgel kom i 1904. Dagens orgel er bygd av Henning Andersen og Espen Selbæk. Det har 23 stemmer fordelt på to manualar og pedal.

Kyrkja har hatt korskilje. Det vart sett opp i 1790-åra, men rive ned att då kyrkja vart måla og ombygd i 1880-åra. Løvene, som stod midt over korskiljet, er i dag å finne over utgangsdøra i nordre tverrskip.

I tårnet heng det i dag to klokker. Den største er støypt av Johan Nicolaus Derch frå Horn i Nederland i 1752. Den har innskrifta "Soli deo Gloria". Den andre klokka er støypt av Olsen Nauen klokkestøyperi i Tønsberg i 1927. Den har innskrifta: "Ringer jeg til ro de døde, ringjer jeg til kirkemøde, alltid er jeg Herrens tolk, at han samle vil sit folk!" Ei mellomaldarklokke med runeinnskrift er øydelagt og finst ikkje lengre.

Bilete teke kring førre århundreskifte

Den store bibelen på altaret har vore flittig i bruk både i stavkyrkja og i "nykyrkja". Bibelen vart trykt i København i 1632.

Mange har fundert over plasseringa av kyrkja. Den tidlegare stavkyrkja hadde ein meir høgtliggjande plass, ca 1 km lengre sør (sør-aust). Den gamle stavkykrja var bygd i fryste halvdel av 1200-talet. Ei segn seier at usemje om plassering av den nye kyrkja førte til at ein hest vart utnemd til "profet". Han vart spent for ei slepe med tømmerstokkar og jaga bortetter kongevegen mot nord. (Ein av milesteinane frå Kongevegen står no utanfor kykrja.) I motbakkane forbi prestegarden stoppa hesten og då var plasseringa avgjort. Hesten hadde neppe forståing for at grunnforholda var lite skikka for store byggverk, men kyrkja har i alle fall stått her i 270 år.....

Utanfor kyrkja var det i tidlegare tider sett opp ein gapestokk. Sist han var i bruk var på 1840-talet. Gapestokken vart teke ned få år seinare og sidan gjeve til Valdres folkemuseum, der han står i dag.



Inngangsportalen til kyrkja vart truleg bygd same året som sjølve kyrkja. Fleire Valdreskyrkjer bygde på 1700-talet har liknande portalar.

Meir om kyrkja på norgeskirker.no