Da er endelig koret ferdig.

I dag, 11. november, starta arbeidet med montering av ventilasjonsanlegg i kjellaren. Det skal sikre stabilt og trygt klima i kjellaren. Eit klima som sopp og råte ikkje trivst i.

Tysdag i veke 47 blir det installert fuktigheitsmålarar på 11 ulike stader under golvet. Dei skal føre logg over temperaturar og luftfuktigheit både i kjellaren, i botnsvillene og ute. Denne logginga skjer automatisk og kontinuerleg, og data blir sendt direkte til Mycoteam, som les av og fylgjer med. Dette for å kontrollere at ikkje ny sopp- og rote blomstrar opp.

Måndag 23. november vart fyrste golvplankane lagt.

I skrivande stund er det ikkje lenger i tvil - me får feire julegudstenesten i Kyrkja. Den vil nok ikkje vera heil ferdig med alt, men me skal som dei gjorde, på dagen 280 år tidlegare, feire dagen ståande. Dette sidan kyrkja berre så vidt var ferdig med tårn og tak, og midlertidig preikestol og altar. Me håpar me skal få ei fin gudsteneste på juleaftan, og håpar dette blir ei stor oppleving for alle.

Onsdag 13. janaur kom benkene på plass att.