Stavkyrkjedeler

Stavkyrkjedeler

Under kyrkjegolvet har to av søylene til stavkyrkja ligge trygt og godt i 280 år. Men etter at det vart oppdaga ekte hussopp i den eine, må den bort.

Soknerådet har søkt biskopen om å få plassere denne søyla i det nordaustre hjørne i det nordre sideskipet. Der skal søyla få stå og syne seg fram. Ut ifrå bygningstekniske spor på denne søyla, kan ein slå fast, med gansk stor sikkerheit, korleis den gamle stavkyrkja på Søreisjordet såg ut. Ein kan også seia noko om når den vart bygd - truleg på siste halvdel av 1100-talet. Kyrkja skil seg noko frå dei andre stvkyrkjene i Valdres, men har også klare likskapar. Den av kyrkjene ho kanskje ha ligna mest på, er Hegge stavkyrkje. Men truleg er det den halvt nedrivne kyrkja på Torpo i Hallingdal, at Aurdalskyrkja har likna aller mest på, jfr. Håkon Christie hjå Riksantikvaren.

Meir om stavkyrkja her

24.10.2015 15.31