Aurdal kyrkje fekk sitt fyrste orgel 12. desember 1792. Orgelet er av skaporgel-typen som blir kalla orgelpositiv. Kven som har bygd dette instrumetet er heilt uvisst, men Stein Johannes Kolnes skriv i boka si: "Norsk orgelkultur" at den handverksmessige utføringa av instrumentet er svært fornemn, og det er truleg prat om eit nord-Tysk instrument frå fyrste halvdel av 1700-talet. Kor orgelet stod før det i 1792 kom til Aurdal kyrkje veit me heller ikkje. Men me veit at det var Anne Sofie Landt, enka etter sokneprest Jonas Landt, som gav kyrkja orgelet. Det syner innskrifta på skåpdørene:

----

"Anno 1792 Den 12 december er dette Orgel til Ourdhls HovedKierke foræret af den gudfrugtige Matrone Anna Sofie Landt Enke efter forhen 1777 afdøde Wærdige Soknepræst Her til Ourdhl Jonas Landt Som begge vare føde Her paa Stædet.

Deres ærværdige Minde Bliver Her Til Børen og børne Børens Slægter.  Anne Sofie Sahl. Landt Fød Stilou Enke Stafered Aar 1795"

Då orgelet kom til kyrkja fekk det påmontert utskorne venger med englehovud, på kvar side. Desse vengene skal etter tradisjonen ha høyrt til altartavla, som vart nylaga til stavkyrkja i 1694, og som var altartavle i nykyrkja fram til 1792.

I boka si, Gode gamle dager, skriv Hauk Aabel om oppveksten sin i Aurdal. Han fortel at far hans, distriktslege Andreas Aabel, ofte vikarierte som klokkar og kyrkjesongar i Aurdal. Han fortel vidare at orgelet på denne tida (1880-åra) var i svært dårleg forfatning og at kyrkjesongaren med det fekk meir jobb med å lede salmesongen enn vanleg var. Difor er det ikkje underleg at me finn reparasjonar og ombyggingar av orgelet i rekneskapane opp gjennom 1800-talet. Den opprinnelege disposisjonen har truleg vore:

Gedakt 8'             Oktav 2'
Prinsipal 4'           Kvint 1 1/3'
Fløyte 4'              Mikstur II

Under dagens registertrekk er notert med blyant: Oktav, Gemshorn, Flute, Quinta, Sordun, Gedakt.

I fyrste halvdel av 1800-talet fekk orgelet eitt toppstykkje, truleg skore ut av Aslak Olson Lie (1798-1886), som budde i Aurdal frå 1835 - 1848. Toppstykkjet syner ein engel med ein trompet og krosslagt fele og gige. Sama type finn me som toppstykkje på orgelet i Reinli stavkyrkje

Hans Jacob Tronshaug skreiv om dette orgelet i hovudoppgåva si ved institutt for musikkvidenskap i 1982 (Orgler, organister og bygdeorgelbyggere i Hedmark og Oppland fram til ca 1850.)

Stein Johannes Kolnes skreiv ein rapport på orgelet 6. april 2000, medan det enno stod på Valdres folkemuseum. Den rapporten kan du lesa her.

Jann Magnar Fiskvik skreiv ein rapport på orgelet etter at det hadde kome til kyrkja att og sått der eitt år.

Det har lenge vore eit ynskje å få restaurert dette instrumentet, og ein var ei stund komen så langt i prosessen at ein hadde fått båe ulike rapportar frå orgelkunnige og orgelbyggjar. Ein god slump pengar var løyvd av Riksantikvaren også. Men så byrja hovedorgelet i kyrkja meir og meir å få problemar, og måtte skiftast ut. Difor vart restaureringa av dette gamle orgelet lagt på is. Men så fort pengar ligg på bordet vil ein gå i gang med restaurering. Slik at orgelet på ny kan fylle kyrkja med den orgelklangen aurdølene vart møtt med frå slutten av 1700-talet og heile 1800-talet.

På Norsk folkemuseum på Bygdøy står i dag eit av dei få spelbare orgel av denne skaporgeltypen. Det vart bygd i 1723 til Hoff kirke på Toten av Jonas Rosendal (). Dette er landets eldste spelbare instrument. Orgelet vart restaurert på 1970-talet, og er mykje i bruk til konsertar. I 2007 gav Bjørn Boysen ut ein CD med dette orgelet (The 1723 Organ From Hoff, Norsk Folkemuseum).

To små lytteeksempel:

Orgelgalleriet vart bygd i 1792 då orgelet kom til kyrkja.I det midtste feltet i galleribrystninga er kongemonogrammet C7 og årstalet 1795 måla. Det tyder at både orgelet og galleriet vart måla i 1795, av Ola Hermundson Berge.

Øvst på orgelet står skrive: "Op lad Gud til Ære Maa alt dette alvor være". Dette er ifrå salme 150.

Bildet teke då orgelet stod i Haftonbygningen på Valdres folkemuseum
Bildet teke då orgelet stod i Haftonbygningen på Valdres folkemuseum