Disposisjon

Orgelet sin disposisjon er som fylgjer:

Hovedverk

Svellverk

Pedal

 

 

 

Basethorn 16’

Geakt 8’

Subbass 16’

Prinsipal 8’

Salisjounal 8’

Gedaktbass 8’

Rørfløyte 8’

Celeste 8’

Choralbass 4’

Tverrfløyte 8’

Prinsipal 4’

Fagot 16’

Gamba 8’

Rørfløyte 4’

 

Oktav 4’

Oktav 2’

 

Fløyte 4’

Cornet II

 

Kvint 2 2/3’

Trompet

 

Oktav 2’

 

 

Mikstur II

 

 

Horn 8’

 

 

Mekansik traktur, elektrisk registratur. Kombinasjonsanlegg SK60. Lufttrykk 95 mm

Soknerådet vedtok på eit møte i mars 2010 å gje 308.000 kr. til orgelsaka. For denne summen ville eit driftssikkert og betre orgel kunne byggjast på dugnad.

Etter mykje tankeverksemd, diskusjonar og meiningsutvekslingar kunne me byrje å legge fram disposisjonar på bordet. Mange vart forkasta men til slutt hadde me eit framlegg å jobbe vidare på.

For ein så liten sum som kr. 308.000 sette det ein god del begrensningar for orgelet. Dei gamle pipene frå 1904 skulle få vera med vidare. De representerte ikkje berre ein økonomisk verdi, men så absolutt ein klangleg og ikkje minst ein kulturell verdi og byggje vidare på. Med desse stemmene som eit fundament i det nye var grunnlaget for eit romantisk instrument lagt. Eit instrument bygd etter dei klanglege ideala frå 1904. Dette ville bli eit orgel med djupe, mørke og varme stemmer - klangar som vil kle kyrkjerommet på ein god måte.

I tillegg til dei pengane soknerådet løyvde har det kome inn pengar gjennom ofringar, minnegåver etter gravferder og andre gåver. Dette har ført til at orgelprosjektet kunne utvidast mykje.

Arbeidet med å skaffe nye piper tilpassa dei gamle hadde byrja. Etter mykje sonderingar, telefonsamtalar og mange timar i bil rundt for å inspisere kyrkjeloft og gamle prestegardslåvar, hadde me klart å skaffe orgelpiper frå gamle orgel, piper som ville klinge godt saman med dei gamle 1904-pipene.

Orgelkomiteen knytta utpå vårparten 2010 til seg orgelbyggjar Espen Selbæk frå Løkken Verk i Sør-Trøndelag. Nye diskusjonar og tankar kring disposisjonen til orgelet vart gjennomført. Me sat no etterkvart med disposisjonen til eit stort orgel på 23 stemmer - 6 stemmer meir enn det gamle hadde. Denne utvidinga av stemmetalet førte så med seg ein del utfordringar med omsyn til plass. Orgelet var i utganspunktet svært trangt som det var, men med ei utviding og kreativ tenking vart dette problemet óg løyst. Den gamle fasaden skulle brukast oppatt, men denne skulle no utvidast med 130 cm i breidden. Orgelet skulle trekkast 40 cm lengre fram på galleriet og til slutt skulle fasaden senkast 30 cm slik at den ikkje lenger vart skjult av takbjelken.

I skrivande stund har orgelbygginga kosta 450.000 kr. Dette er kring 1 /10 av kva eit nytt tilsvarande ville koste.
Kring 2500 dugnadstimar har vorte lagt ned, og mellom 12.000 og 15.000 store og små deler er snart på plass.

Innviing av det nye orgelet gjekk føre seg på gudstenesta sundag 27. november kl. 18.30. Der var fylgjande med: Biskop Solveig Fiske, prost Anne Hilde Øigarden, prostiprest Signe Elisabeth Kvåle, kantor Monica K. Solberg, klokkar Anne Britt Sørum, kyrkjetenar/orgelbyggjar Henning Andersen, orgelbyggjar/intonatør Espen Selbæk.