Bildet av orgelfasada teke på avskjedsknonserten i 2010

Det nye orgelet frå 1972 fekk denne disposisjonen: (stemmer med * er frå 1904. Det som no fekk namnet Gamba 8' var opprinneleg Salisjounal 8' Gambaen vart borte.)

Hovedverk     Svellverk     Pedal  
Principal * 8'   Gedakt * 8'   Subbass * 16'
Rørfløyte 8'   Gamba * 8'   Oktavbass 8'
Oktav 4'   Principal * 4'   Koralbass 4'
Kvint 2  2/3'   Rørfløyte * 4'      
Principal * 2'   Blockfløyte 2'      
Mixtur III   Kvint 1  1/3'   Tremolo i begge verk
      Zymbell II   Koppel :  
      Trompet 8'   I/II  I/P  II/P  


Det vart sett av plass til ei orgelutviding med to stemmer: Krumhorn 8' i hovedverket og Fagott 16' i pedalen. Men desse stemmene kom aldri til å bli sett inn i orgelet.

Dette orgelet vart ei blanding av mykje rart - gamle piper frå Berntsenorgelet frå 1904, piper frå andre gamle orgel, og nokon nye piper. Orgelet vart intonert i neobarokk stil. Intonasjonen var kanskje ikkje så heldig og orgelet hadde ikkje den gode klangen det gamle instrumentet hadde. Orgelet var spisst og kvast i klangen.

Etter at orgelet hadde tenestegjort ein del år meldte problema seg stadig. Mekanikk av simplaste og billigaste sort var vald, og den var no ustabil. I tillegg klaga både folk og organistar over den dårlege klangen i instrumentet.

I 1998 vart den fyrste orgelkomiteen sett ned og det vart drøfta kva ein skulle gjera med orgelsituasjonen. Nytt eller bygge om? Det vart ynskje om nytt. Innsamlingar og søknadar om stønad vart skrive, men resultata kom ikkje. Komiteen vart lagt ned og låg nede ein del år. Men det vart gjort vedtak om å bruke minst mogleg pengar på orgelet - minimalt stemming. Reparasjonar for få orgelet spelbart til bryllaup, gravferder og gudstenester vart gjort på frivillig basis. Ein håpa no at eit større beløp ville koma frå fellesrådet/kommunen når eit konkret prosjekt låg på bordet.

Frå 2009 og fram til mai 2010 var situasjonen meir og meir alvorleg for orgelet. Organisten visste til slutt ikkje korleis orgelet ville oppføre seg når ho skulle spele. Nokon gonger ville det lystre men andre gonger ville det spela av seg sjølv. Under gudstenesten 1. pinsedag i 2010 kollapsa orgelet nesten heilt. Det vart gjennomført noko fyrstehjelp slik at gudstenesta kunne avrunnast med verdighet. Ein avskjedskonsert vart raskt skipa til, og 26. mai 2010 spelte altså orgelet sine siste tonar.