I 1904 var orgelet så utslite og dårleg at det vart bytta ut. Aurdal sokneråd hadde oppe orgelsaka på møtet sitt 27. oktober 1903. Der står det å lesa: «Man besluttede at forhandle med Orgel-bygger Berntsen om at levere et 8 Stemmers Orgel for 2100 Kr. Contant ved Orgelets Levering.»

Nytt orgel var på plass utpå vinteren i 1904. Orgelet hadde 8 stemmer fordelt på ein manual og pedal. Disposisjonen var som fylgjer:

Prinsipal 8'
Gedakt 8'
Salisjounal 8'
Gamba 8'
Octav 4'
Rørfløite 4'
Octav 2'

Subbas 16'

Orgelet var levert av orgelbyggjar Bernhard Berntsen. Orgelet hadde spelepulten i front. Det gamle orgelet vart gjeve til Valdres Folkemuseum og stod der fram til hausten 2000, då me fekk det attende til Aurdal kyrkje. Der står det no under galleriet og ventar berre på å blir restaurert for så å kunne klinge ut som det gjorde då det kom til Aurdal kyrkje i 1792.