Nye kyrkjeklokker til Aurdalskyrkja

Tanken om å få på plass to klokker til i kyrkjetårnet, har eksistert i mange år, og periodevis har tankane vore framme i lyset. Ein uforpliktande kontakt vart oppretta  med eit tysk klokkefirma i fjor sumar. Det firmaet sette oss så i kontakt med eit klokkestøyperi i Italia, som ville vera midt i blinken for dette prosjektet.

Det var hausten 2016 at det verkeleg vart fart i sakene, då to aurdøler baud seg til å betala klokkene. Berekningar av form, klang og tonestruktur starta, og Yulian Hoffmann frå firmaet Ars Campana i Tyskland var på befaring og gjorde tonemålingar av dei to eksisterande klokkene.

Måndag 6. mars var soknerådets leiar på klokkestøyperiet FONDERIA ALLANCONI i Italia for å gå gjennom kontrakt, bestemme dekor,og lesa korrektur på innskrifter på klokkene.

Produksjon av klokkeformene er rekna å ta ca 3 veker, og vil starte måndag 27. mars.

Planen er at klokkene skal støpast torsdag 20. april, og vera på plass i kyrkja til vigslinga 21. mai. Meir info om dette vil koma.

Sjå heimesida til FONDERIA ALLANCONI her

Om de to nye klokkene

Den største av dei to nye klokkene har fått namnet CREDO. Det er det latinske namnet på truvedkjenning. Klokka veg ca 180 kg, er ca 64 cm i diameter og har slagtonen Eb.

TRINITAS AURDAL KIRKE.
CREDO
TIL MINNE OM KIRKENS VIGSLINGSDAG 22. FEBRUAR 1737.

IN NOMINE ET PATRIS ET FILII ET SPIRITUS SANCTI (i namnet åt Faderen, Sonen og den Heilage Ande).

GUD VÅR FAR SOM SKAPTE LJOST OG GAV LIV TIL ALT SOM GROR. 
JESUS KRISTUS DEG ME TAKKAR FOR DU HAR DI KYRKJE HER.
HEILAG ANDE DU VÅR TRØYSTAR SOM GJEV KJÆRLEIK TRU OG VON.
                                                          K.J. ØRJAVIK

 

Den minste klokka veg ca 114 kg, er ca 50 cm i diameter og har slagtonen G.

Innskrifta er:

AGNUS DEI
TIL MINNE OM MARTIN LUTHER I WITTENBERG, 31. OKTOBER 1517.
AGNUS DEI QUI TOLLIS PECATTA MUNDI. DONA NOBIS PACEM (Du Guds lam som bar all verdens synd. Gje oss din fred.).

MÅ BYGDA OG DALEN BLØMA I LJOSET FRÅ HERRENS ORD,
OG FOLKET I FRED OG SØMA FÅ SAMLAST I KYRKJEKOR.
                                                 H. HAUS.

 

 

Besøk hjå Fonderia Allanconi - mars 2017

  • Produksjon av former
  • Ferdigstøypte klokker
  • Planlegging av dekor
  • Dekor
  • Klokkekron med løve

Fra produksjonen

3. april 2017

  • Starten på arbeidet med den indre kjerna.

12. april 2017