Aurdalskyrkja fekk to nye kyrkjeklokker til pinse.

Aurdalskyrkja fekk sumaren 2017 to nye kyrkjeklokker. Dei vart støypt av Fonderia Allanconi i Ripalta Cremasca i Italia 20. april. Klokkene kom til kyrkja 9. mai. Dei vart vigsla under konfirmasjonsgudstenestane 21. mai. Påfylgjande veke vart dei hengt opp i tårnet, og fyrste gong ringt til høgtidsgudstenesta 1. pinsedag,  4. juni. 

Du kan lesa meir om dei nye klokkene her

Her kan du sjå filmen: "Nye klokker i gamalt hus."

Kyrkjeklokkene

Den største og eldste klokka i kyrkja er støypt av kanon- og klokkestøypar Johan Nicolaus Derck frå Horn i Nederland i 1752. Klokka har ein diamter på 86 cm. Den fekk nytt oppheng (rett aksling av jern) i 1998. I samband med at kyrkja fekk to nye klokker i 2017 fekk også denne klokka nytt oppheng i tre. Framleis rett aksling.

Klokka sprakk, men vart sveisa att i 1950.

På klokka står det:
Joan Nicolaus Derck me fecit Hornæ Soli Deo Gloria Hornæ 1752
(J.N.Derck laga me” og ”Berre Gud Ære)

Då kyrkja var ny, veit me at det hang 3 klokker i tårnet. Kor dei alle har teke vegen hen veit me ikkje. Men i 1834 støypte Knud Christian Schmidt frå Christiania ei klokke. Den skulle vera støypt av i alle fall éi av dei gamle klokkene. Den klokka sprakk i 1927, og Olsen Nauen klokkestøyperi smelta om klokka frå 1834.

Denne klokka har fylgjande innskrift:

Ringer jeg til ro de døde, 
Ringer jeg til kirkemøde,
Altid er jeg Herrens tolk,
at han samle vil sit Folk.

Klokka er 75 cm idiameter og veg ca 200 kg.

Denne klokka fekk også nytt oppheng i 1998 (rettaksling av jern.). Nytt treoppheng - rett aksling - i 2017.

20. april vart dei to nye kyrkjeklokkene støypt hjå Fonderia Allanconi i Ripalta Cremasca i Italia. Klokkene vart vigsla til under konofirmasjonsgudstenestene 21. mai. Innviinga skjedde 1. pinsedag. Den største veg ca 180 kg og er 65 cm i diameter. Klokka har slagtonen Eb. Klokka har fått namnet CREDO. "I tillegg har klokka fylgjande innskrift: Til minne om kirkens vigslingsdag 22. februar 1737. Trinitas. In nomine Patris, et Filii, et Spiritus Sancti." I tillegg har klokka fått eit dikt. Det er skrive av tidlegare Valdresprost Kristofer Juvkam Ørjavik. Då Bagn og Aurdal kyrkjer feira sine 250-årsjubileum, skreiv Ørjavik ei jubileumssalme. Den er tufta på bibelstaden som vart lesen då grunnsteinen til båe desse kyrkjene vart lagt ned i hhv 1734 og 1735. På klokka har me teke fyrste strofa frå kvart vers. "Gud vår far som skapte ljoset og gav liv til alt som gror. Jesus Kristus deg me takkar for du har di kyrkje her. Heilag Ande du vår trøystar som gjev kjærleik tru og von." 

Den minste av dei to nye klokkene veg ca 120 kg, og har ein diameter på 57 cm. Klokka har fått namnet AGNUS DEI. Innskrifta elles er: Til minne om Martin Luther, Wittenberg 31. oktober 1517. - Angus Dei qui tollis pecatta mundi. Dona nobis pacem. I tillegg har også denne klokka fått eit dikt. Det er skrive av tidlegare prost i Valdres, Håkon Haus. Dette er siste verset i diktet: "Må bygda og dalen bløma i ljoset frå Herrens ord. Og folket i fred og søma få samlast i kyrkjekor."

Alle fire klokkene ringer for fyrste gong

Ringing med kyrkjeklokker

I Valdres finst det i dag 33 kyrkjer og kapll. Av desse er det 32 som har kyrkjeklokker i tårn eller stupul, og dei blir alle ringt manuelt. 

Ringing med kyrkjeklokker er ein liturgisk funksjon, og i rettningslinene for bruk av kyrkjeklokkene står det m.a at klokkene si oppgåve er :

  • forkynne Guds ære - å peke oppover på samme måte som også kirketårnet og kirkespiret gjør det; 
  • samle Guds folk til gudstjeneste;  
  • kalle Guds barn til bønn og forbønn;  
  • minne om det evige livs mål hos Gud i himmelen.

Valdres har svært rike tradisjonar med omsyn til kyrkjeklokkene. Ofte finn me kyrkjekokker både i tårn og i eigen stupul (klokketårn). Ikkje sjeldan har kyrkjene hatt / har frå 2 til 6 klokker.

Mange sagn og historier har knytt seg til klokkeringinga, og mang ein klokkelått har vorte sunge eller spelt på fele eller langeleik.

Ringing med klokker har røter meir enn 3000 år attende i tid, om ein reknar med bibelen si forteljing om dei ringande klokkene/bjellene på kappekanten til øverstepresten Aron. Og alt i det fyrste århundre etter Kr. finn me kloster i ørken i Egypt som brukar klokker for å samle folk til mat og bønn. Her i Noreg har me ringt kyrkjeklokker til sorg og til glede, til kvardag og fest i meir enn 1000 år.

Til høgtidene slik som jul, påske og pinse ringer kyrkjeklokkene éin heil time. Då er det veksling mellom ringing, der klokka svinger, og kiming - raske slag med kolben mot slagkanten.

Truleg har skikken med kiming til høgtidene (helligdagsrining) røter attende til mellomaldaren, til vigiliemessene før dei store helgenfestane. Då vart det ringt med kyrkjeklokkene ein time for å førebu seg på den store festen som skulle koma. Så, når me ringer både julaftan, påskeaftan og pinseaftan frå kl. 15 - 16.00 er det for å varsle den store høgtida og festen dagen etter.

Mange stader har høgtidsringinga vorte flytta til kl. 18, men her i Aurdal held me på det gamle tidspunktet kl. 15.00. Det som frå gamal tidsrekning var den niande timen, den timen då Jesus døydde på korset.

Frå kirkestolen 1675

I stavkyrkja fanst mange klokker. Den tidlegaste opptegninga me har, er frå innhaldslista til kyrkja i 1620-åra. Der står det at kyrkja har 6 klokker.

Innhaldslista frå 1675 er litt meir spesifisert:
2 Klocher som henger ofuer Nederste dehl af Kirchen.
2 Mindre Ditto staar i Kirchen.
2 smaa Munche Klocher.

Dei to største og dei to mindre klokkene finn me att i inventarlistene fram til 1712, medan dei to små munkeklokkene må ha vorte borte mellom 1712 og 1717.

I 1731 er det oppført 3 klokker, det sama for inventarlista til dagens kyrkje i 1807, men frå no av høyrer me berre om to klokker.

Éi av dei gamle klokkene hadde runeinnskrift. Både klokka og runene vart teikna ned på fyrste halvdel av 1600-talet av den danske runeforskaren Ole Worm (1588-1654). I boka han gav ut i 1643 - "Monumenta Danica", er både klokka og skrifta tyda. Worm tyder skfirta til å vera Gudmann gerdi mik - Gudman (Gudmund) gjorde meg. Den norske språkforskaren Sophus Bugge (1833-1907) har vore i tvil om både oppteikninga og tydinga av runene. Han tippar at mannsnamnet skal vera Gudmarr, og at innskrifta er frå midten av 1100-talet.

Under arbeidet med installasjon av dei to nye klokkene, dukka denne vesle skinnreima opp. Det kan sjå ut som om dette har vore ei skinnreim som har feste bellen/kolben til klokka. I tårnet er det i dag spor etter at det tidlegare har hange to store og ei lita klokke. Desse tre kom frå stavkyrkja. Denne reima er såpass lita at den må ha tilhøyrt den vesle klokka. Den vart truleg smelta om i 1834 då kyrkja fekk ny klokke.

Her kan du sjå ein video frå ringing i kyrkjetårnet - 2006

Videoene er laga av plateselskapet Ta:lik.

Video frå støyping av dei nye klokkene

.

Meir om kyrkjeklokker

Vil du lesa og lære meir om kyrkjeklokker og campanologi (klokkelære), kan du klikke på denne linken: www.kyrkjeklokker.no. Her står også litt info om dei fleste kyrkjeklokkene i Valdres.