Døypefonten opp gjennom tida

Frå Kirkestolen 1694

I kirkestolen for 1694 står fylgjande å lesa:

Funten af Steen, som var Spruchken oc brøstfeldig, er bleven flott oc forbædret, med een nye Stolpe, indhuulet, til at sette beckenet udj, der fore givet udj arbeids løn 1 ort  12 s

"Døpefont, marmor og kleber, romansk fot av kleber, rund med fire avtrapninger og flettet kjede rundt skaftet. Ny kum av grønnflammet marmor. Samlet h. 78 cm. Fot største diam. 68 cm. Skaft diam. ca. 36 cm. Kum diam. 58 cm. Foten har tilhørt døpefonten fra stavkirken". - Teksten henta frå norgeskirker.no

Nokon har tippa på at døypefonten kan vera laga ein gong mellom 1000 og 1100. Om det stemmer er den altså eldre enn stavkyrkja som stod på Sørei. Kan døypefonten ha tilhøyrt ei enno eldre kyrkje, ei me ikkje kjenner til? Kan det vera ei av kyrkjene som Olav den Hellige fekk bøndene til å byggje då han fõr gjennom Valdres i 1023?

Himlinga over døypefonten er av nyare dato. Oppunder denne kan ein lesa fylgjande: «Dette foræret af Ole Andersen Nord Ager Ao 1753».

I gamal tid var det slik at ungane skulle dukkast heilt under vatn tre gonger, og ikkje som i dag, berre få vatn i på hovudet. Difor laut døypefonten vera stor og vid.

Vatnet vart vigsla påskenatt, og skulle stå i fonten heilt til neste påskenatt. Då tok dei ut ein trepropp, og lét vatnet renne ut i vigd jord.

I denne tida fanst ikkje fyring i kyrkjene, slik at vatnet sjølvsagt fraus i fonten vinterstid. Det vart då brent bål og varma steinar ute på kyrkjegarden. Desse steinene vart lagt oppi fonten slik at isen smelta.

Dette kunne vera ei stor påkjenning for ein døypefont - fyrst gjennomtæla, så varm, så tæla att og varm att. Ikkje uvanleg var det at den etterkvart sprakk.

Det skjedde og med den gamle døypefonten i stavkyrkja. Så i 1694 les me i rekneskapane om reparasjonar på døypefonten som var "Spruchken oc brøstfeldig."