Kyrkja ha to orgel, eit gamalt positiv frå tidleg 1700-talet, og hovudorgelet frå 2011.

Meir om orgla, klikk her

Stavkyrkja fekk ny preikestol i 1694. Den vart sett inn som midlertidig til juledagsmessa i 1735. Den står der enno.

Meir om preikestolen, klikk her.

Dei to nederste delene av døypefonten stod i den gamle stavkyrkja. Den øvre delen er frå 1890-talet.

Meir om døypefonten, klikk her

Altartavla er laga av Kviteguten. Den kom ikkje før enn i 1792. Krusifikset er frå stavkyrkja.

Meir om altartavla, klikk her.

I tårnet heng i dag fire klokker, som alle blir ringt manuelt. Den største klokka frå 1752, den nest største frå 1927, og dei to minste frå 2017.

Meir om klokkene, klikk her

Lysestakane på altaret vart gjeve til stavkyrkja av prost Peder Pedersøn Colding, og kona hans, Dorthe Ourdahl i 1647. Kalk og disk vart gjeve til nykyrkja av prost Peder Joachim Chrstiophersøn Landt, og kona Maria Hedevig Lemmich, i 1740.

På slutten av 1700-talet fekk kyrkja korskilje. Men dette vart teke bort då under ei større renovering kring 1880. Her ser ein Riksløvene som ein gong stod midt over korskiljet. Dette er no over døra i nordre tverrskip. Desse løvene var inne hjå NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning) til reingjering og konservering vinteren 2016. Eit stort og omfattande arbeid som vart kosta av Riksantikvaren.

Over vindauget i sør heng det som ein gong var toppstykkjet til orgelet. Dette er truleg laga av treskjærar og snikkar Aslak Olson Lie (1798-1886).