Begravelser under kirkegulvet

Kista til Peder Landt

I kyrkjekjellaren står i dag 4 kister. Den eine veit me innheld levningane etter Peder Joachim Christophersøn Landt, presten som var pådrivar for bygginga av kyrkja i Aurdal. Kista står rett ned for gallerikanten på sørsida. Landt var født i 1696 og døydde i 1759. Oppå kista hans står ei lita barnekiste. Den inneheld levningane av ein av ungane hans.

Under koret / alteret stod fram til renoveringsarbeidet no i sumar to kister. Den eine vart flytta til midt under kyrkja, grunna nye fundament som måtte på plass under koret. Kven sine levningar som ligg i dei kistene veit me ikkje sikkert, men truleg er det kista til Jonas Land, son til Peder Landt, f. 1733 d. 1777, som no står under alteret. Kista som vart flytta, inneheld anten levningane etter sokneprest Hans Pegman f. 1720 - 1762 (svigerson til Peder Landt) eller Major Joachim Hendrich Stielau f. 1711 - d. 1791. Han var svigerfar til Jonas Landt. I kyrkja finst i dag ein kårde som har høyrt til major Stielau. Den skal etter tradisjonen ha ligge på kista hans. To lysskjold, med familien Stielau sitt familievåpen finst og i kyrkja.

I høve renoveringsarbeida på kyrkja no i 2015 har jorda i ringmuren vorte teke bort. Under det arbeidet har det to stader i muren dukka opp spor etter graleggingar. Kven som har vore gravlagte der veit me ikkje.

Dei tre store kistene vart restaurert i 1995.

Gravleggingar under kyrkjegolvet i stavkyrkja

Også under stavkyrkja veit me at det har vore gravlagt folk. I muntleg tradisjon blir det fortalt at siste presten i stavkyrkja, Andreas Christensøn Morland f. 1666 - d. 1730, vart gravlagt under kyrkjegolvet.

Frå Kirkestolen 1682 - 1723 (rekneskapsboka for stavkyrkja) fortel fylgjande for året 1688:

Udj indeværende aar er paa Gulvet, nedre ved den store kirchedør, udj barjord nedsat Capellanens hr. Hans Pedersens kierestes liig, derfor betalt for Jorden, 6 rd. For de 3de største klocker á 1 ort, 8 s. er 1 rd.

Dette er Maren Lethe, ho som var gift med Hans Pedersøn, denne gravlegginga syner til.

Valdreskyrkjer med gravkjellar

Under dei fleste av Valdres sine stavkyrkjer har det truleg funnes gravleggingar.

Forutan gravleggingane under Aurdalskyrkja, veit me om at det under altaret i Slidredomen er kister til tre familiar: Bugge, Quislin og Spydeberg. Og under golvet i svalgangen på sørsida i Reinli, ligg sira Tord. På veggen like ved denne grava er det rissa runer i veggen. Dei tyder: "Her under kviler sira Tord, som let førebu denne kyrkja, Fader Vår."