Kyrkjesalet i 1723

I 1723 fekk biskop Deichman kongeleg godkjenning for å selja alle soknekyrkjene i Akershus stift (bispedømme). Dette var rett etter den store nordiske krigen, der m. a. Valdrs kompani var i kampar på Krokskogen. Kongen måtte ha pengar, og difor selde han kyrkjene, sjølv om dei strengt teke ikkje tilhøyrde kongen, men almuen sjølve. (Meir om det store kyrkjesalet her.)

Anders Andersen Steen var født på garden Bjørnstad på Toten i 1692. Han flytta til Christiania der han dreiv handel og losji. Han var ein velstandskar. I 1723 kjøper han Tollbodgaten 7 og 9 i Christiania.  Ilag med Even Ramussen Baardset reiste han I 1723 ti København for å kjøpe både Ringsaker kyrkje, men og dei seks kyrkjene som vart seldte i Aurdal prestegjeld. Alt på seinhausten sama året, den 2. November, kjøpte soknepresten i Aurdal, Anders Christensøn Morland att kyrkjene. Men då han døydde I 1730 ville ikkje arvingane hans ta over desse. Akershus stift fastslo då at Ringsaker almuge skulle ta over kyrkjene att, og setja dei i forsvarleg stand.

(I høve denne overdraginga finn me namnet Johan Caspar Brockenhuus-Løvenhielm. Han var gift med Gertrud Cathrine Reichwein. Dei hadde mellom anna to døtre, Cahtrine Hermana og Chatrine Hedevig. Dei vart gift med kvar sin Stielow, Joachim Henrich og Christian Frederic.  Det er Joahim Henrich som er far til Anne Sophie, gift med sokneprest Jonas Landt. Og me forstår no kvifor namnet Reichwein dukkar opp som melomnamn på deira yngste dotter. Er det også ein link gjennom bestefaren Johan Caspar Brochenhuus til Anders Andersen Steen, som gjer at det er i Tollbodgata at Anne Sophie slår seg ned etter at ho i 1793 har seldt Sofienlund i Aurdal?)

Så går det til 25. oktober i 1734 då fire karar frå Bagn tek over Aurdalskyrkjene. Det er Anders Arneson Bagn, Aslak Halvorson Bratrud, Sjugurd Alfson Leistrud og Gudbrand Torsteinson Bagn. Dei har ikkje kyrkjene lenge før dei overdreg samtlege 6 kyrkjer til almugen i Aurdal. Dette gjekk føre seg på i den gamle Tingstog i Aurdal 10. juli 1735.