Var det slik ho såg ut, den gamle stavkyrkja i Aurdal? Historia fortel at det var på ein haug på øvre Sørei, på jordet rett sør for Kiwi, at stavkyrkja stod. Der vart ho truleg bygd ein gong på slutten av 1100-talet. Det er ikkje før i 1327 at me fyrste gong finn kyrkja nemnd i skrift. Då er det i dei Pavelige nuntiers regnskaps-og dagbøker (1327-28). Vidare utover mellomaldaren dukkar kyrkja og soknet opp fleire gonger i ulike saker. Dette kan me lesa om i gamle mellomaladardiplom.

Til tross for at det finst fleire skriftlege kjelder der kyrkja er nemnd, finst det likevel ikkje noko som fortel heilt sikkert korleis kyrkja såg ut. Stavkyrkja i Aurdal vart rive nesten 150 år før ein byrja måle opp og teikne ned kyrkjene her i landet. Men me har to bevara stavar frå kyrkja, og me har ymse rapportar, brev og rekneskapsbøker frå 1600 og 1700-talet. Dei saman med dei to bevara stavane kan likevel fortelje oss svært mykje.

Det finst ikkje to heilt like stavkyrkjer. Ved fyrste augekast, kan mange av dei sjå veldig like ut, men går ein dei nærare etter i saumane, vil ein fort sjå at det er mykje som skil. Ein har prøva å dele kyrkjene inn i ulike grupper etter konstruksjon og utsjånad. Valdres-stavkyrkjene har for det meste hamna i gruppa som blir kalla «Borgund-gruppa». Slik vil også vera tilfelle for stavkyrkja i Aurdal. Den har utvendig truleg vore lik stavkyrkja i Borgund. Truleg også innvendig. Men samstundes veit me at det er ulikheiter også.  Det som er usikkert for Aurdalskyrkja sin del, er kor mange stavar/bæresøyler kyrkja har hatt. Av Valdreskyrkjene i denne grupa har Høre og Lomen berre 4, medan Hegge har  8.  Borgund og Gol (Norsk folkemuseum) har 10. Spora i dei bevara stavane frå Aurdal syner at det er ein hjørnestav, og ein stav som er ein mellomstav, ein som har hatt stavar på kvar side. Det fortel oss at stavkyrkja i Aurdal har hatt meir enn 4 stavar. Kanskje kan me også seia at ho har hatt minst 8.

Som fundament for golvbjelkane i sørre tverrskip i dagens kyrkje, har den eine av dei to bevara stavane ligge. Denne har spor etter kne, 2 tenger (horisontale avstivarar) og Andreaskors. Dette har alle desse Borgundtypene til felles. Men stavkyrkja i Aurdal hadde noko som kallast kapitél. Eit slags halvsirkelforma skjold som ei slags avslutning på stavane over andreaskorsa og den øvre tanga. Slike finn me ikkje i Borgundtypen. Men me finn den til dømes i det som kallast Kaupangertypen, og ei mellomtype slik som i Torpo stavkyrkje i Hallingdal. I Torpo er det heile 14 stavar. Der er det også kapitél, men dei er plassert under nedste tang, sidan dei ikkje har den øvre. Stavane frå Hopperstad stavkyrkje i Vik i Sogn, som også høyrer til Kaupangertypen, er kanskje dei som lengst på veg er mest lik stavane i Aurdal. Einaste vesle skilnad er at heller ikkje Hopperstad har den øvre tanga.

På ein måte kan det sjå ut som at Stavkyrkja i Aurdal har "alle" dei karakteristiske bygningstekniske spora, i forhold til dei andre kyrkjene me har samanlikna oss med. Kva betyr det? Kan det bety at kyrkja i Aurdal er bygd så seint at byggmeistaren har lært av tidlegare og andre sine feil, slik at denne kyrkja fekk "alt"? Eller kan det bety, som nokon stavkyrkjeforskarar opp gjennom tida har meint, at Aurdalskyrkja har høyrt til ei av dei tidlegaste typane, som ikkje hadde tenger og Andreaskors, men at dette har vorte tilført seinare? Desse tinga får me neppe gode svar på så lenge de ikkje finst fleire deler av den opprinnelege bygningen, eller andre skriftlege kjelder som beskriv kyrkja.

Her ser me det som no er toppen av staven. Denne har truleg vore nokre meter lengre, men vart kappa då den vart brukt i nykyrkja. Me ser her kapitélet. Derunder ein delvis øydelagt profil. Så under der ser me sporet etter den øvre tanga.

Når me skal tolke spora i denne staven, bør det eigentleg stå "kanskje" bak alle utsagn. Tolkninga basserer seg på samanlikningar med andre kyrkjer, men sidan me ikkje har sett denne stavkyrkja i si heile og fulle prakt, kan me aldri vite sikkert. Kanskje råkar me svært så godt. Eller kanskje er det fullstendig feil, at me har å gjera med ei kyrkjetype ein aldri har sett før.

Kor stod stavkyrkja hen?

Det finst ikkje nokon skriftlege kjelder som fortel nøyaktig kor den gamle stavkyrkja stod hen. Men i folkeminnet lever forteljinga om at ho stod på ein haug på Øvre Sørei.

I sumar flaug Jo Grini over med drona si og tok bilder. Dei syner ganskel klart eit omriss med ein halvsirkelforma avslutning - slik som grunnrisset av stavkyrkja ville ha vore. Og, retnigen på dette området er orientert i himmelretningane med halvsirkelen i aust - der altaret truleg ville har stått.

 

Seinare no i haust gav grunneigar og Riksantikvaren løyve til å gå med metalldetektor i dette området, og merke av der ein fekk utslag. Eit nytt dronebilde vart teke, og det syner funn i sama omrisset frå det fyrste bildet.

Kva skjuler seg under bakken? Tja, om dette er tomta der stavkyrkja stod, er det vel mest truleg spiker og naglar etter rivinga av kyrkja, som har gjeve utslag på metalldetektoren.

Her ser me tømmerstokkar frå det som truleg var det nye koret som stavkyrkja fekk i 1694. Desse finn ein på loftet i den gamle telegrafbygningen på Sørei.

Etter reformasjonen i 1537, gjekk truleg kyrkja på Revling i Vestringsbygda or bruk. Då synte det seg fort at stavkyrkja i Aurdal vart for lita. Frå eit tilsyn ved stavkyrkja 15. januar i 1665 kan me lesa fylgjande: naar Almuen enten paa Höytidelige – eller Almindelig Bede=dage Bliffuer forsamlede, maa en stor deel af Almuen staae wdj Svalerne omk: Kiercken. Det blir ved det sama tilsynet nemnt at ein ynskjer å bygge ny kyrkje, og at ein vil bruke dei gamle veggborda til golv i den nye. Men det har nok ikkje vore nok pengar til noko nybygg, sidan me finn periodevis store renoveringar og utbetringar av kyrkja heilt opp til byrjinga av 1700-talet. Dei største arbeida skjedde nok i åra kring 1690, då både koret vart nytt, eit nytt skip i vest vart bygd, kyrkja fekk nytt tårn, og det vart både lagt himling i kyrkjeskipet, og kyrkja vart retta opp og nye murar vart lagt under.

Då nykyrkja stod ferdig 70 år etter dette tilsynet, vart ein del materialar brukt oppatt, som planen hadde vore. I tillegg til dei omtale stavane som er under kyrkjegolvet i dag, kan det og sjå ut som om golvet i koret må ha høyrt stavkyrkja til. Noko golvplankar i tårnet og elles ein del tømmerstokkar under golvet i koret har også vore brukt i stavkyrkja. 

Her ser me spor etter ei "beitski" i ein stokk under altaret. Dette syner spor etter ei dør, ei dør på kring éin meter breidde. Kan dette ha vore frå vestskipet som vart bygd i 1690-åra? Spor i tømmerstokken kan tyde på at døra har vore hengsla på venstre side, og slått innover. Og då stemmer det godt med at låsen på hoveddøra på dagens kyrkje, truleg har vore i stavkyrkja. I dag står låsen opp ned...

Under koret finn me fleire stokkar som ber preg av å ha vore brukt før. Her ser me ein stokk som tydelegvis har vore over to opningar/glugger. Kan det vera frå det nye tårnet som kyrkja fekk i 1690-åra, eller har dei vore i stupulen? Under ser me ein video frå Nedre Ullerud kyrkas klokkstapel i Sverige. Her er det likheitstrekk med stokken under koret, og den me ser over opningane på denne videoen.

Kirkestolen kan fortelja

Kirkestolen, er namnet på rekneskapsboka for stavkyrkja. For året 1694 står det fylgjande:

Kirckens Chor, som var af gammel Reysseverk, oc stod paa fald, oc til at reparere gandske u=tienlig, er nedtaget, oc it Sømmeligt Chora af Tømmer lafte vereh opbygt, for hvilket af nye at optømre, Bielck hugge, tæcke oc Gulvlegge, betalt Tømmermændene i nøyeste maader paa egen kost, de med dennem omaccorderede   40 rd.

Giort een nye Prædickestoel med trappe til, der fore betalt udj arbeidsløn paa egen kost  5 rd.

Vidare les me om eit nytt tårn:

Det paa Kircken tilforne staaende gamle Torn som stoed paa fald, er needtaget oc it nyt faconlig Torn igien paa Kirchen opsadt oc sømmeligen bordklæd, for det gamle Torn at nedtage oc det nye igien at opsette oc fuldfærdige, betalt Tornbyggeren paa sin oc medhavendes egen kost etter den med hannem udj nøyeste maader giorde fortigning  25 rd. Til samme Torns forferdigelse oc forbrugt efter (…) materialer 8te store Jern Bolter styrket, med Jern oc Arbeidsløn  8 s (skilling)   2 ort, 16 s.

6 mindre dito á 4 sk. Jern spiiret til Tornet, som af Rust var forderfvet, oc omgiort oc forbedret, for Jern oc Arbeidsløn 3 ort 12 s.

 Kiøbt een Blick Plade til Fløy paa Spiiret for 12 s. Kiøbt it nyt Messing Becken til kuop paa spiiret for 3 ort. Til Tornets bordklædelse er kiøbt 8 tylter Bord á tylten 2 ort, er 4 rd.……. For de 2de smaa Klocker som hengde i det gamle Torn at nedtage og i Klocke stuphullen at ophenge 2 ort.

Lysestakar og døypefat tilbake på gamle tufter

I 2003 var det pilegrimsvandring for konfirmantane i Nord-Aurdal. Då var det innlagt ein stopp på stavkyrkjetomta. På eit provisorisk altar stod både døypefatet, og to av lysestakane frå stavkyrkja. Kanskje fyrste gong dei var tilbake på nesten 270 år....

Stavkyrkjedel på luftetur

Ekte hussopp, som hadde angripe store delar av dei nedste tømmerstokkane i kyrkja, hadde også ete seg godt innover denne staven frå stavkyrkja. Etter nøye vurderingar kom ein fram til at denne ikkje lengre burde ligge nede i kjellaren, der nye soppangrep kunne forekoma. I tillegg hadde bæreevna vorte såpass svekka, at ny bæring måtte til. Ein drøfta då ulike løysingar til lagring av staven, men landa på at den no skal stillast ut i kyrkja, og inngå som ein del kyrkja sitt inventar.

Onsdag 4. november vart så staven teke ut og frakta til ei mellombels lagring i påvente av at kyrkja skal vera ferdig, og staven kan monteras opp i det nordaustre hjørnet i nørre tverrskip.  

Sist denne var ute, var då den på sumaren 1735 vart frakta frå den akkurat nedrive stavkyrkja på Søreisjordet og til dei nye murane ved dagens kyrkje.

Når den på etterjulsvinteren kjem til sin plass i kyrkja, vil den på ny bli synleg for kyrkjelyden att - etter 280 år i ein mørk og rå kjellar.

Her ser me ei teikning av Borgund stavkyrkje. Denne er laga av Jørgen H. Jensenius. Etter dei før om tala spor og tolkningar, kan det vera svært truleg at det var slik stavkyrja i Aurdal såg ut.

Jørgen H. Jensenius har ei heimeside der ein kan lesa meir om stavkyrkjer: www.stavkirke.info.

Stavkyrkjene i Valdres

Øye stavkyrkje bygd på slutten av 1100-talet / 1965

Vang stavkyrkje (no Karpacz i Polen) bygd mot slutten av 1100-talet / 1844

Høre stavkyrkje bygd krig 1179

Lomen stavkyrkje bygd kring 1192

Hegge stavkyrkje bygd kring 1216

Reinli stavkyrkje bygd kring 1326

Hedalen stavkyrkje bygd kring 1163

 

Steinkyrkjer

Slidredomen bygd mot slutten av 1100-talet

Mo kyrkjeruin bygd kring 1215

Ulneskyrkja bygd kring 1250