Prestetavla - Pastores udi Ourdahl

Den nest siste presten i Stavkyrkja, Andreas Christensøn Morland (1666-1730) fekk laga ei stor tavle der namnet på alle prestane i Aurdal etter reformasjonen står.

Denne tavla hang tidlegar i stavkyrkja, men då nykyrkja vart bygd, fekk denne tavla plassen sin på ein krok over døra i sørveggen i koret. Denne døra vart tetta att i 1880-åra, så der syner berre spor i veggen etter at den er spunsa att.

Denne tavla vart teke ned kring sama tida, då det der vart mura opp pipe til ovnane. Tavla vart seinare lagra på kyrkjeloftet, men har no nokre år stått på galleriet i kapellet. Denne tavla ynskjer soknerådet å få hengt på plass att om ein kan finne midlar til restaurering.

I høve kyrkja sitt 200-årsjubileum i 1937 hadde Ole Thorsrud skrive ein lang artikkel i "Valdres" om kyrkja. Der har han skrive fylgjande om denne tavla:

Pastores Udi Aurdal:

Nr 1. Hr. Hans
Nr. 2 Hr. Peder Klemensøn fød paa Strøm paa østre Romerige.
Nr. 3 Hr Kristen Pedersen fød paa Ringsager paa hedemarken.
Nr. 4 Hr Peder Hansen fød idi Colding var Sognepræst og Provst udi 42 Aar,
        døde i sin Alders 70 Aar.
Nr. 5 Hr. Peder Pedersøn fød udi Aurdal Anno 1611 var Sogne-Præst og Prost i
        40 Aar, døde i sin Alders 74 Aar.
Nr 6. Hr. Laurids Nilssøn Gram, fød udi Lands Præstegaard Anno 1627,
        var Sogne-Præst i 5 Aar døde i sin Alders 63 Aar.
Nr 7. Hr. Andreas Kristensøn Morland fød udi Tønsberg Anno 1666,
        var Sogne-Præst i …. Aar, døde i sin Alders… Aar.

Siden Reformationen, der skede ved vor doct. Morten Luther Anno 1517 til Wittenberg og Anno 1529 i Dannemark og efterat Munchene Anno 1537 vare uddrefne af disse riger hafuer indskrefne været præster udi Aurdal. Hvilke jeg Gud til ære og mine Hrr. Formænd til christelig amindelse paa denne Tafle havuer ladet forfatte som da uværdige Pastor Loc Andreas Morland Anno 1700.