Jonas Landt

Jonas Landt vart fødd i Aurdal prestegard. I kyrkjeboka står det fylgjande den 16. februar i 1733: ved Ourdal. Blef Døbt af mig, min Søn Jonas. Fadr. Captain Stielow. Andreas Morland. Studiof De der Stub. Captain Stielows frue. Madame Marie Margaretha Morland. Moderen døde i Barsel Seng.

Jonas vart undervist heime av Johan von Capellen, han som seinare vart gift med syster til Jonas. Han tok teologisk embetseksamen i 1754, og var heime og hjalp far sin, som hadde dårleg helse. Han vart ordinert til prest 3. januar 1755. 27. april 1759 vart han utnemnt til residerande kapellan, etter at Hans Pegmann vart sokneprest då Peder Landt, far til Jonas, døydde. I 1762, då Hans Pegmann døyr, blir Jonas Landt sokneprest og seinare Prost i Valdres. Hans Pegmann var gift med ei av dei eldre systrene til Jonas.

20. september 1764 blir Jonas gift med Anne Sophie Stielow, dotter til Major Joachim Henrich Stielow og Catharina Hermana von Brochenhuus. Med henne fekk han to døtre, Hermana Sophie og Sophia Reitvend (Reichwein ?).

Jonas døyr 27. april 1777. Enka, Anne Sofie, gav det fyrste orgelet til Aurdal kyrkje 12. desember 1792, til minne om Jonas.

Minneplata over Jonas Landt

Jonas Landt er truleg ein av dei prestane som vart gravlagt under altaret i kyrkja.

Det blir sagt at Anne Sophie fekk garden Sofielund i Aurdal som sitt enkesete etter at ho måtte flytte ut or prestegarden. Far hennar, Joachim Henrich Stielow bur i alle fall på Sofienlund etter at han blir pensjonist i 1778. Han døyr der i 1791. I 1793 ser det ut til at Anne Sophie har seldt garden til lensmann David Christian Nimb.

I folketellinga for Christiania i 1801, står fylgjande å lesa: Tolbodgaten. Anne Sophie Landt 60 år, enke, Uden næringsvey, Hennes dotter, Sophia Reitvend Landt, 30 år, ugift. Elisabeth Christiana Lenviig, 9 år, Datters datter. Desse ser ut til å ha fått husrom hjå Kiøbman Adam Larsen Foss. Den andre dottera Hermana Sophie står for folketellinga i 1801 på Toten oppført som gift med Landkræmer og gaardbeboer Caspar Leemvigh. Dei har på det tidspunktet éi dotter, Joachime Frederike Casparsdatter Leemvigh, 8 år. Er det ein skrivefeil ute og går – er Lenviig og Lemvigh sama namnet? Kan det bety at dei har ei dotter som på dette tidspunktet bur hjå tanta og bestemora i Christiania?

Anne Sophie Landt, fødd Stielow

Anne Sophie Stielow, gift med Jonas Landt, var dotter av Joachim Henrich Stielow (1711-1791) og Catharina Hermana Brochenhuus (1715-1756).

Oberstløytnant Johan Joachim Stielow (1676-1743) frå Holstein i Tyskland kom truleg til Noreg i 1712 då han vart tilsett som kaptein/ritmester for 2. Oplandske Nationale Infanteriregiment. I 1723 fekk biskop Deichman kongeleg godkjenning for å selja alle soknekyrkjene i Akershus stift (bispedømme). Dette var rett etter den store nordiske krigen, der m. a. Valdrs kompani var i kampar på Krokskogen. Kongen måtte ha pengar, og difor selde han kyrkjene, sjølv om dei streng teke ikkje tilhøyrde kongen, men almuen sjølve. Johan Joachim Stielow kjøpte ei mengd kyrkjer i Valdres. Han døyr i Aurdal i 1743, og det er no yngste sonen, Christian Frederich som overtek kyrkjene. Både Christian Frederich og den eldre broren Joachim Henrich Stielow vel karrierer i militæret.

I Aurdal er det Joachim Henric som interesserer oss mest. Han var fødd i København i 1711, og starta som underoffiser kring 1729. Den 1. desember 1734 vart han fenrik ved 2. Opplandske nasjonale infanteriregiment.

Frå 13. januar 1738 var han premierløytnant ved Gran og Jevnakerske kompani. Frå 9. mars 1739 vart han kaptein og sjef for Ytre Valderske kompani fra. Kva tid han kom til Valdres er litt uvisst, men ein gong mellom 1744 og 1749, då dei to fyrste borna Anne Sophie (f. 1740) og Joachim Johan (f. 1744) båe er fødd på Toten, medan den neste Georg Lorentz er fødd i Aurdal i 1749.

Joachim gifta seg andre gong i 1757, også denne gong på Toten, Maria Sommerfeldt Nernst. Med henne fekk Joachim Henrich 4 ungar.

Våpenskjoldet til Stielowslekta

Joachim Henrich vart 10. mai 1758 sekondmajor og sjef for Ytre Valderske kompani. Han steig i gradene og fekk majors karakter seinare sama året. Til slutt vart han oberstløytnant 3. september i 1772. Denne stillinga hadde han til han gjekk av med pensjon i 1778 – 68 år gamal. Han fekk då ein årleg pensjon på 400 riksdalar. Frå no budde han og kona Maria på Sofienlund (98/) i Aurdal. Maria døyr i 1783 og Joachim Henrich døyr 14. november 1791. Han blir gravlagt frå Aurdal kyrkje. I kyrkja finst to lysskjold med familievåpenet til Stielow-familien. I tillegg finst både kården og svepa hans i kyrkja. Desse har truleg ligge på kista hans under gravferdsseremonien. Nokon har også gjetta på at det er han som er ein av dei som ligg gravlagt under kyrkjegolvet.