Peder Hansen Colding

Peder Hansen Colding var fødd i Kolding by på Jylland i 1577. (Far hans, Hans Mikkelsen Colding, fødd 1550, var prest ved Ribe Hospital. Han døydde 30. desember 1595.). Peder Hansen vart ordinert til prest kring 1601. Han skal ha vore gift med ei Ragnhild Olsdatter.  Han kom som sokneprest, og seinare prost til Aurdal og Valdres i 1604. To av borna deira er kjent: Peder Pedersen Colding (Ourdahl), som overtok som prest etter far sin. Og Else Pedersdtr, gift med Johannes Nilsson Charth, sokneprest i Nes i Hallingdal.

Då Peder Hansen døydde skulle han ha vore god for 40.000 riksdalar.

Peder Pedersen Colding

Peder Pedersen Colding brukte også namnet Peder Ourdahl. Han var fødd i Aurdal prestegard i 1612. Han skal ha byrja som kapellan for far sin alt i 1640, og vart utnemt til sokneprest då faren døyr på hausten i 1648. Han avlegg sin eid 13. november 1648.

Peder var gift med Dorhte Knutsdotter, truleg frå Sverige. Ho var fødd i 1620 og døydde i 1686. Om henne kan me lesa fylgjande:

«Hans Hustru var et sant Fruentimmer, ved Navn Dorthe Knutsdatter, eller som hun blev kladet Dorthe Ourdal, som ved sin myndighet og store Midler beherskede hele Prestegjeldet og kunde faa framdrevet alt efter sit Hoved og Villie. At det har været hende og hendes Mand mer om at gjøre at samle Midler, end at gjøre godt med dem, haver Prost Dorph bevist derved, at man intet sandt Dydigt sporede hos deres Børn.» (Henta frå Biografiske efterretninger om geistligheten i Hamars Stift.)

Peder og Dorthe var tydeleg glad i pengar og eigedommar. Difor er det ikkje å undrast over at dei kjøpte opp og fekk lagt både gardar og stølar under seg. Peder var på denne tida Valdres største gardeigar.

Om Dorte finst ei historie som illustrerer det som prost Dorph seier:

«hun er endnu her i Prestegjeldet kjent under Navnet Dorthe Ourdahl. Om denne er mig ellers af gamle troværdige Folk av Prestegjeldet fortalt adskillige Passager, bland andet en, som virkelig er passeret, nemlig, at hun vilde med Magt ved sine Sønner tvinge Bønderne i Etnedalens Annx til at lade hende faa en Sæter, kaldet nedre Ulslykke, som ligger en god Fjerdingsvei fra Prestegaards-Sæteren, som ogsaa Kaldes Ulslykken. Paa Grund heraf sagde hun, at nedre Ulslykken tilhørte hende og derfor vilde, at Bønderne skulde fraskrive sig denne.Til Ende sammenkaldte hun Bønderne til at møde hende paa bemeldte Sæter nedre Ulslykken, hvor hen hun avde ført med sig Brænadevin og Øl, trakterde Bønderne og dansede med dem i Haab om med det Gode at faa dem overtalt til at fraskrive sig Sæteren, i hvis Mangel hendes Sønner havde forsynet sig med Kaarder og skarpladte Geværer for at tvinge Bønderne; men da Bønderne havde faat Nys om dette, belavede de sig paa Modstand, saa at intet blev af. Saameget fik hun dog hermed udrettet, at Gaardmændene skulde aarlig forære hende en voksen Buk, og ianledning dette Krigspuds fomaaede hun dererfter hver Mand i Prestegjeldet til det samme, og visseligen nød det saaleænge hun var Prestekone. Hvilken Skræk denne Dorthe Ourdahl havde indjaget Bønderne, at de ikke turde gjøre hende imod, kan i Besynderlighed sees af et gammelt Pergamentbrev, som jeg har læst, hvilket er Forlig mellom hende og en Mand Ole – at , fordi bemeldte Mands Hund havde bidt en av hendes Tjenestefolk, skulde et Engeland, kaldet Waldervangen, tilhøre Prestegaarden, som endnu også ligger dertil. Desuden blev ved dette Forlig et Engeland, som kaldes Wingar, hendes Eiendom, hvorom Hr. Collings Slægt, som boede i Land moverede om at eie det. Med bemeldte Dorthe Knutsdtr. Avlede Hr. Peder 8 Børn.»

Peder og Dorthe sine born var:

1. Peder (Ourdal) fødd kring  1651. Han vart gift med Susanne Jakobsdatter, gm Susanne Jakopsdotter Freidenkrona frå Danmark (1634-1725)

2. Knut (1652-1726), gift med Ingebjørg Gulliksdatter frå Skavelden. Dei budde på Nørre Røn i Vestre Slidre. Dei hadde borna:

  • Knut, gift med Marit Olsdatter Ulvestad. Budde på Vesterbø
  • Gullik,  fødd kring 1678, og død kring 1738. Gift med Ingebjørg Gudmundsdatter frå Nørre Ranei.
  •  Jon, gift med Marte Gudmundsdotter.
  • Peder, gift med  Marte Embriksdatter Svennes. Dei bur på Viste i Vestre Slidre. Dei vart gifte i Aurdal i 1710.
  • Ola, med tilnamnet «Gode ven» var fødd kring 1686. Han vart gift med Barbro Amundsdatter frå Rye
  • Ola, med tilnament «lillemann» var kjøpmann på Bragernes.
  • Ola, med tilnamnet «pus» vart gift med ei frå Øvre Fystro i Vestre Slidre. Dei flytta til Rødnes i Land.

3. Hans, døydde i  1692/93. Han var kappelan hjå far sin. Han avla eiden i 1686. Han vart fyrste gong gift med Maren Lethe,som døydde i 1688 og vart gravlagt under golvet, ved hovudinngangen i stavkyrkja. Dei fekk ein son, Peder. Han var sersjant, og fall i slaget mot svenskane ved Norderhov kyrkje i 1716. Hans var gift andre gong med ei Anne Bloch. Dei fekk sonen Kristen, som vart buande i Rødnes i Land. (Hans si faster, Else i Nes i Hallingdal, hadde eit barnebarn som heitte Anne Bloch. Kan det vera henne at Hans giftar seg med?)

4. Lage fødd kring 1657. Han blir gift med Maren Hellevig Larsdadtter Bugge. Dei slår seg ned på Westerbø.

5. Johanne. Var gift med sokneprest Nils Lauritz Gram i Land. Ho døydde truleg i 1692. Dei hadde borna:

  • Anne fødd kring 1668. Gift til Vang.
  • Kristin fødd kring 1672. Gift til Høverstad i Vang.
  • Dorthe fødd kring 1679.

Joanne vart gift andre gong med Anders Persson frå Magistad. Dei fekk borna:

  • Nils f 1683.
  • Lisbet f 1684.

Johanne vart tredje gong gift med Lars Olsson. Dei hadde borna:

  • Maren f 1689.

6. Dorte gift fyrste gong med Jørgen Jacobsen Greel, sokneprest i Vang. Han døydde i 1685

Deira born:

  • Anne, gift med Andris Andrisson Ellingbøi Vang.

I 1686 vart Dorte gift for andre gong, med Trond Jonsson Kattvold frå Vang. Deira born:

  • Gjertrud fødd i 1688. Gift med Endre Ivarsson Ellingbø
  • Kjersti fødd i 1689. Gift med Helge Helgesson Ellingbø
  • Rangdi. Gift med Vilhjølm Andrisson Bagetun.

7. Anne fødd kring 1651, og gift med Andris Syversen Sørhus
8. Kirsten gift med Hans Hansson Aarhus. Ho døydde truleg i 1694. Dei budde på  Rødnes i Land.

Det var Peder Pedersen og Dorthe Knutsdtr som kjøpte og gav dei fire store lysestakane i messing til stavkyrkja. Det er dei sama lysestakane som står på altaret i dag. Også bibelen på altaret vart kjøpt av Peder Pedersen Colding i 1647.

Biskop Dorph held fram: "af disse liderlige Børn kan sees, at de intet godt havde lært af deres Forældre."