Aurdalsbyen

Aurdal er dalføret sør-aust for Fagernes. Dalen har fått namn etter elva i dette området. I den øvre delen er gardsbebyggelsen samla på austsida av dalen. Senteret i området er den vesle tettstaden Aurdal. Kyrkja står ved nordenden av ”Aurdalsbyen”.

250 år har Aurdalskyrkja vori sentrum i Aurdalsbyen. Men skal me våge å seia noko om når dei fyrste fastbuande aurdølene ferdast langs Fasle og sørover, kan me nokolunde trygt leggje på ein null til dei 250 år.

Aurdal vart gjennom hundreåra etter reformasjonen det administrativet senteret i Valdres. Her var budde presten/prosten, lensmannen, legen, skrivaren og futen. Her var skysstasjonane, motebutikkar, landhandleri, ja stort sett alt som trengtes i ein "småby" som Aurdalsbyen var. Sidan det var samla så mykje embetsfolk på ein liten stad vart Aurdalsbyen ein smeltedigel for kulturellt mangfald. Embetsfolket hadde med seg sine vanar, kulturar, ideologiar og ikkje minst lærdom. På bakgrunn av dette kom nye stilretningar innanfor mote, musikk, dans og byggeskikk til å prege Aurdalsbyen. Her gjekk fattige husmannsfolk rundt i slitte og velbrukte klede og spelte og dansa springar og laus i festelege lag. Men her gjekk óg embetsfruene rundt i sine "krinolineskjørt og reisehatt og flor" og dansa lancers, francese og Fandango når dei kondisjonerte hadde sine ballselskap. Amtsdyrlege Eivind Kristoffersen Bolleng kom til Aurdal i 1854. Han var av dei få som hadde omgang med både husmannsfolket og dei kondisjonerte. Han hadde ei skarp tunge, og her fylgjer to vers av ei vise han dikta om livet i Aurdalsbyen:

Om Pigerne i Aurdal jeg og vil si et ord.
Jeg nevner ikke Navnet ei heller hvor de bor.
De strir af alle Kræfter at ligne Storfolk efter,
med Krinoline Skiørter og med Reisehat og flor.

Jeg noget og vil sige om den simple Bondedræng.
Han fjaser og han klær sig efter Kondisionerte slæng.
Med Trøie utaf Klæde, om Halsen Sølverkiæde,
og ennu meget mere som jeg ej beskrive kan.

 

Frydenlund skysstasjon
Ein av dei best besøkte turiststadene i Valdres mot slutten av 1800-talet var Frydenlund skysstasjon. Her var det Kari Frydenlund eller Mor-Kari, som ho ofte vart kalla, som styrte. Frydenlund Skysstasjon hadde, i motsetnad til fleire av dei andre skysstasjonane i Valdres, eit godt ord på seg hjå ferdafolket. Reinsligheit og variert kost var lang ifrå noko sjølvskrive på 1800-talet.

Frydenlund har opp gjennom åra hatt mange fungsksjonar. Her var det skysstasjon, gjestgiveri, telegrafstasjon, postkontor og landhandleri hotell og no i seinare tid festlokaler til utleige.

Ein av dei store salmediktarane me har i vår kristne  kyrkje,  Nikolai Frederik Severin Grundtvig, veit me overnatta her på Frydenlund i juli 1861. Ivar Aasen var lenge her i Aurdal då han på midten av førre århundre reiste kring og samle dei norske dialektane som sidan skulle bli grunnstamma i det nye skriftspråket for Noreg, nynorsk. Då budde han på Frydenlund. Bjørnstjerne Bjørnson veit me overnatta her. Det sama gjorde både Edvard og Nina Grieg. Det er og fortalt at dei held konsert og spelte firhendig på det gamle pianoet som den gong var her. Elles lyt det og nemnast at Hauk Aabel, som vaks opp på garden Juven, litt nordpå her, var skyssgut her på Frydenlund i fleire år. Far til Hauk, Andreas, var distriktslege her i Aurdal i fleire år, og det var og her i Aurdal at han dikta songen: Se Noregs blomsterdal!"

Ein av dei som Aurdal kom til å bety mykje for var den unge Knut Hamsun som i 1884 kom frå Amerika. Han fekk melding frå sin amerikanske lege at han hadde tæring og berre eitpar månadar att å leva. Han drog då til Valdres i von om at det friske fjellufta ville gjera han bra. Hamsun fekk svært god forpleiing her av ho Mor-Kari. Og hennar son, Erik var Hamsunds næraste ven gjennom heile livet. Elles lyt nemnast at Knut Hamsund var konstituert postopnar her i Aurdal godt og vel eitt år. Knut Hamsun gløymde aldri Aurdal og kom sidan hitatt mange gonger. Her på Frydenlund skreiv Hamsun ein av sine tidlege romanar, Markens grøde. Seinare skreiv han Victoria på garden Onstadmarké litt lenger nord i bygda og til siste skreiv han nok ein gong på Frydenlund, det var i 1930 då han skriv "August."

Ulrik i Jensestogun

Musikklivet i Aurdalsbyen
Valdres fekk sin fyrste amtsdyrlege i 1854. Det var Eivind Kristoffersen Bolleng, frå Fluberg. Han hadde studert i Stockholm, og han hadde plukka med seg mykje av det selskaplege livet der, både når det galdt musikk og dans. Sidan det var her i Aurdal at han skulle slå seg ned, fekk han godt bruk for sine moderne gevantar, sidan det var her øvrigheita og sosieteten budde. Med denne folkemassen førde det mykje selskapligheit med seg. Og me har godt fått skildra når det var ball iden gamle prestegarden. Der det vart dansa fransese, lanser, fandago og gavott, og sikkert mykje anna fint.

Me veit at Hornmusikken frå bygdene i Land og kring Mjøsa ofte var i Aurdal og spelte på ball i kring på storgardane. Elles var det felespelaren Ulrik i Jensestogun som hadde svært mykje å si for musikklivet er i Aurdal. Han var spelemann til bryllaup, gravferd, til dans og fest for småfolket, men og spelemann i dei store ballselskapa, og av den grunn var han tidleg ute med å lære seg dei nye motedansane og musikken som høyrde til. Ulrik sjølv var notekunnig og skreiv ned eindel melodiar som var populære i andre halvdel av 1800-talet. Mange av dei arrangerte han sjølv for kor, og me veit at både han og Knut Hamsund song ilag i Aurdal kyrkjekor.

Amalie Sofie Bekkevold, som tidlegare var gift med Henrik Wergeland var prestefrue her i Aurdal frå 1864-1884. Ho trakterte pianoet og spelte for dei kondisjonerte. Ulrik i Jensetogun (1850-1919), ein av dei beste spelemenn Valdres har fostra, var Aurdøl. Han var ein spelemann som verka i ei brytning mellom det gamle bondesamfunnet og embetsmannskulturen. I tillegg til å vera ein svært god felespelar var han ein meistar på bukkehorn og fløyte. God songar var han og. Komponisten og folkemusikksamlaren Catarinus Elling skreiv ned salmetonen: Et hjerteligt farvel jeg eder nu byder, etter Ulrik.  Av musikken etter Ulrik er det lite som har overlevd fram til i dag. Men ein ung svensk biologistudent og fiolinist var i Aurdal for godt og vel 100 år sidan og festa over 50 låttar etter Ulrik til notepapiret. Dette var utkjent for folk flest i mange år, heilt fram til Svensk visearikv i 1982 utgav dei noteoppskriftene. Såleis har me fått mykje av Aurdalsmusikken attende.

Elles lyt det og nemnast at spelemannen Olav Moe (1872-1969), opprinneleg frå Vestre Slidre, men busett i Aurdal i heile sitt vaksne liv, har betydd svært mykje for Aurdal og elles for Valdres, om ikkje for Noreg. Han heldt ei mengd konsertar i inn og utland. Faktisk oppheldt han seg eit heilt år i USA for å der halde kurs og konsertar. Han var politisk aktiv og stortingsrepresentant for Det radikal folkepartiet. Han vart seinare heidra med Kongen si æresmedalje i gull. Det lyt og nemnast at Olav Moe var ein nær ven av Edvard Grieg. Og i mange av Grieg sine komposisjonar kan me finn att låttar frå Aurdal.

 

 

Ein av Noreg sine store kyrkjemusikarar gjennom tidene, Ludivg Mathias  Lindeman, fór gjennom Valdres på midten av 1800-talet. Han fekk i oppdrag av regjeringa å samle religiøse folkemelodiar til den nye koralboka som skulle gjevast ut. Men han spora heilt av og samla og skreiv opp alt som tenkjast kunne, både av salmetonar, skjemteviser, drikkeviser og alt anna songbart materiale. Og mykje takka vera han fekk 18- og 1900-talskomponistane i verda tak i  "musikken frå Fjeldbygderne" gjorde den tilgjengeleg for alle  folk. Så kan me i dag vera takksame for det arbeidet desse gamle spelemennene og folkemusikksamlarane gjorde, som tileigna seg den musikalske kulturarven vår. Noko som gjorde til at Noreg, og i særleg grad Aurdal, kan strøyme mot oss i det store utlandet gjennom musikken til Grieg, Stravinski, Tsjaikovski, Johan Halvorsen, Johan Svendsen og i nyare tid, Arne Norheim.

- - - - -

Er du interessert i historie og vil veta enno meir om Aurdalsbyen og Aurdalskyrkja kan du lesa bøkene: Nu god Nat min Ven, på Hamsuns gjengrodde stier i Aurdal (av Jul Haganæs), Slekt skal følge (av Jul Haganæs), Bak disken og på landevegen (av Otto A Dieserud), Gode gamle Dage (av Hauk Aabel), Hanna Winsnes - Dikter og kokk (av Zinken Hopp) og Aurdalskyrkja (av Ivar Aars). I tillegg til desse bøkene står det mange interessante og spanande artiklar i Tidsskrift for Valdres Historielag og Årbøken for Valdres Historielag. Ellles vart det i 1992 gjeve ut ein CD med musikk etter Ulrik i Jensestogun. CD'n vart gjeve ut på Heilo plateselskap, og den heiter rett og slett "Ulrik".

I løpet av åra har det vorte dikta mange mange songar og viser både i og om Aurdal. Som før nemnt skreiv distriktslege Andreas Aabel songen: "Se norges blomsterdal" her i Aurdal.

Visa "I Aurdal i Valdres" er dikta av ei omreisande dame som heitte Marie Kristiansen. Ho var som ho skriv i visa født i Aurdal og var av taterslekt. Ho laut ta landevegen fatt berre som 10-åring. Livet hennar var ikkje særleg rikt på gleder. Ho skreiv viser om livet sitt for å tene til livets opphald. Marie døydde berre 53 år gamal, og ligg gravlagt på Ringebu kyrkjegard.