Retningsliner for bruk av kyrkjeklokkene i Aurdal

I Aurdal kyrkje heng i dag to klokker. Den største er støypt av Johan Nicolaus Derck frå Horn i Nederland i 1752. Den har ein diameter på 86 cm / ca 400 kg , og gjev tonen Bb. Minste klokka er støypt av Olsen Nauen klokkstøyperi i Tønsberg i 1927. Klokka er 75 cm i diameter/250 kg, og har tonen C. Båe klokkene ringes berre manuelt.

I tårnet er 8 luker, og alle er oppe ved ringing.

Ein skil mellom tre ulike måtar å ringe på:

  • Ringing:         Klokka svinger frå side til side kring akslingen.
  • Kiming:          Ein slår raske mot slagringen med bellen i klokka (ca 2 slag pr sekund).
  • Klemting:      Ein slår sakte slag mot slagringen med bellen i klokka. (ca éitt slag kvar 4. sekund).

Klokkene ringast forsiktig både opp og ned (ikkje brå start eller brå slutt). Når to klokker ringast, startar ein med den minste klokka. Lar den ringe ca 20-30 sekund før den største klokka startar. Minste klokka stoppast fyrst. Etter alle avsluttande ringingar (siste ringing før handlinga tek til) slår ein 3 bønneslag med største klokka. Unntaket er ved gudstenester der ein startar med info og stille bøn. Då kjem dei tre bøneslaga etter stille bøn.

GUDSTENSTER
Til vanlege gudstenester på kvardagar og sundagar, ringast det med kyrkjeklokkene tre gonger før gudstenesta tek til. Tidspunkta er kl. 10.00, 10.30, og 10.55. Alle gongene i 5 minutt. Dei to fyrste gongene ringer berre den største klokka. Tredje gongen ringast båe klokkene. Ved gudstenester/messer på andre tidspunkt, flyttar ringetidspunkta seg parallelt med tidspunktet for gudstenesta/messa.

1. søndag  advent, Maria bodskapsdag, Kr. Himmelfartsdag, 17. mai, Olsok, ved kyrkjejubileum, konfirmasjon, vigslingar, ordinasjonar eller andre større gudstenester, ringes båe klokkene alle tre gongene før messa tek til.

I faste- og adventstida ringes berre største klokka. (med unntaka nemnt ovanfor).

Langfredag ringer berre den største klokka, og bellen i klokka er pakka inn i tøyfiller, slik at lyden blir meir dempa.

På påskedag ringer klokkene under GLORIA. Dette har også skjedd på andre høgtidsdagar eller festdagar. Ein har også sporadisk ved høgtidsdagane ringt under SANCTUS

ANDRE GUDSTENSTER
Ved skule- og barnehagegudstenester ringes båe klokkene 5 min. før gudstenesta tek til. Oftast ringes klokkene ifrå ein ser skule-/barnehageborna koma til kyrkja, og heilt til gudstenesta startar.

MIDNATTSMESSE NYTTÅRSNATTA
To forringingar og éi samanringing som til vanleg gudsteneste, men med båe klokkene.

Det ringast ikkje 3 x 3 slag etter velsignelsen, men med største klokka slår ein 12 slag med 5 sek opphald mellom kvart slag. Ein startar då med fyrste slaget 23.59.05. Då kjem 12. slaget presis klokka tolv.

ANDAKTER / TIDEBØNER
Ved andakter / tidebøner på kvardagar, ringes største klokka fem minutt før handlinga tek til.

KONSERTAR
Til konsertar ringast til vanleg berre den minste klokka 5 minutt før konserten tek til.

VIGSEL
Ved vigsel ringast båe klokkene 5 minutt før vigselen tek til. 3x3 slag ringast med største klokka etter velsignelsen.

GRAVFERD
Største klokka ringer 5 minutt før gravferda tek til.

Største klokka klemtar medan fylgjet går ut av kyrkja og mot grava. Klemtinga stoppar når heile fylgjet har samla seg rundt grava. Det blir klemta medan kista blir senka. Etter velsignelsen slår ein 3x3 slag med største klokka.

Ved kremasjon

Ringing til seremonien som ved gravferd. 3x3 etter velsignelsen (inne). Største klokka klemtar medan fylgjet går ut av kyrkja, set kista i bårebilen, og heilt til bilen har reist og ikkje er synleg frå tårnet (ved Munkeroen).

HØGTIDSKIMING
Høgtidskiminga går føre seg på jule, nyttår, - påske-, og pinseaftan, éin time mellom kl. 15.00 og 16.00. (Kl. 15.00 var den niande timen etter gamal tidsrekning, og det var ved den niande timen at Jesus døydde på krossen.) I tillegg jule-, påske- og pinsedag ein time før messa startar.

Ein ringer båe klokkene i 5 min. Så fem min. pause, og deretter ein bolk med kiming i 10 min. Denne bolken delast i to med ca 4 sek opphald, så eitt slag med største klokka, 4 sek opphald, så eit slag med vesle klokka, og så opphald, og slag med største klokka…… slik tek ein oppatt til vesle klokka har slått sitt tredje slag. Då er det 4 sekund opphald, før kiming tek til att. Denne ti-minuttsbolken avsluttast med sama type annankvar-slag, med ca 4 sekund opphald mellom kvart slag. Minste klokka avsluttar.

Så er det fem min. pause, og ein ny slik ti-minutt kimebolk. Så fem min pause, ein ny kimebolk, fem min. pause, og så til slutt ringing med båe klokkene i fem min.

ANNA BRUK AV KLOKKENE
Kyrkjeklokkene har sporadisk vorte ringt i høve Earth Hour-markeringa kl. 20.30-21.30 (i mars) kvart år, likt med at flaumbelysningen på kyrkjegarden har vore slått av éin time. Ein har ringt i 5 min, frå 20.35.

Aurdal sokneråd, 4. oktober 2017